«Der er et yndigt land» – første inntrykk frå København

Aaah, København! Ei perle av ein by! No har eg vore her i snart 3 veker og funne meg skikkeleg til rette. København er ein slik by det er umogleg å ikkje like. Med sin flotte natur og arkitektur, for å ikkje å snakke om dei livsglade innbyggarane. Sjølv om det var eit stort kultursjokk å flytte heile vegen frå Noreg til Danmark med sin liberale drikkekultur og mangel på fjell så angrar eg ikkje eit sekund.

Danske vindturbinar sett frå ein båttur i havna.

Danske vindturbinar sett frå ein båttur i havna.

Frå skjemt til alvor, i dette innlegget tenkte eg å informere litt om korleis det er å bu i København reint praktisk. Eg bur i Nørrebro, og for dei av dykk som ikkje er lommekjent i Køben så er det den nordre delen. Det vil altså seie at eg bur eit lite stykke unna sentrum. Alt ut i frå kor raskt eg går vil det ta meg meir eller mindre 35 min å gå inn til sentrum. København har heldigvis særs god kollektivtransport og det går både buss og metro til dei fleste stadane ein kunne finne på å ville besøke. Her kan ein nytte seg av appane «Rejseplaner» og «DOT Mobilbilletter» for å navigere kollektivnettverket og kjøpe billettar som gjeld for buss, metro og tog innan visse soner. Om ein vil vere litt meir økonomisk så kan ein gå til innkjøp av eit «rejsekort» som kan halvere reiseutgiftene. Det er eit kort ein fyllar pengar på og skjekker inn og ut med kvar gong ein nyttar seg av kollektivtransport. Kvar reise vert då litt billigare enn om ein skulle kjøpt enkeltbillett kvar gong. Det er vel eigentleg litt som i Noreg.

Inngangen til Papirøen som er ein nedlagt papirfrabrikk omgjort til ein mathall.

Inngangen til Papirøen som er ein nedlagt papirfabrikk omgjort til ein mathall.

Dei mest geografisk evnerike der ute har kanskje fått med seg at Danmark er eit nokså flatt land. Dette har ført til at sykkelen er ein særs populær måte å kome seg fram på. Det er faktisk vorte min foretrukne måte å kome meg fram på her i Køben sidan eg då ikkje treng å forhalde meg til busstidene. På sykkel kan eg klare å kome meg inn til sentrum på om lag 10 min om eg verkeleg tek i. Sjølv om Danmark er heilt flatt og ganske enkelt å sykle i så kan det å sykle i motvind  stundom kjennast som å sykle i oppoverbakke. Det er nesten til å få heimlengsel av. Eg har vore så heldig at eg fekk låne sykkel av utleigaren min, men det skulle nok ikkje å ha vore noko problem å finne ein rimeleg sykkel på ein av bruktbutikkane det er så mange av her.

Slik kan ein altså enkelt navigere København reint fysisk, men å navigere det språklege er ikkje alltid like enkelt. Skriftleg er det ikkje noko problem, men når det kjem til den munlege delen av språket kan det gå litt fort i svingane. Dansk er eit sært språk det kan vere vanskeleg å forstå sjølv om det er svært likt norsk. Oss nordmenn slit kanskje litt med å forstå dansk, men om ein legg godvilja til går det som regel greitt. Danskane derimot kan verke til å ha større problem med å forstå norsk. Om dette gjeld mangel på godvilje eller berre det faktum at dei ikkje har vore eksponert for norsk før veit eg ikkje. Heldigvis har serien SKAM vorte særs populær her og gjort det å snakke norsk litt enklare, men sjølvsagt med litt danske ord og uttale. Her gjeld det å halde tunga beint i munnen, eller kanskje litt skeivt, og prate som om ein har lært norsk etter boka med ei potet i halsen. Då lyt dei til å forstå det meste av det ein seier.

Drivhuset i "Botanisk Have".

Drivhuset i «Botanisk Have».

Dette var det eg hadde å meddele for denne gong! Neste innlegg vil eg gå meir inn på korleis det er på Københavns Universitet.

På gjensyn!

Fartein Hauan Nilsen

Campingvogn i kanalen utanfor Christiania.

Campingvogn i kanalen utanfor Christiania.

På innsida av Papirøen.

På innsida av Papirøen.

Hage utanfor Fredriksberg Campus.

Hage utanfor Fredriksberg Campus.

Trafikkvern inn mor Nyhavn. Det er òg syklar over alt!

Trafikkvern inn mor Nyhavn. Det er òg syklar over alt!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.