«Videnskabens Tempel» – Københavns Universitet, CSS, Kommunen, Katten og Studenterhuset

Heia, bloggen! No har eg altso budd her i København i over ein månad og eg merkar at den fantastiske seinsommaren sakte men sikkert går mot kaldare og mørkare tider. Riktig like kaldt og mørkt som Noreg vert det nok ikkje, men det var nok greitt å pakke med seg ullgenseren lell. Uansett, her kjem eit litt lengre innlegg om sjølve universitetet her i Køben.

ku_logo_dk_h

Københavns Universitet er eit av Nord-Europas eldste universitet. Det er faktisk heile 538 år (!!) gamalt og vart grunnlagt i  år 1479 av kong Christian I, den første av dei mange seinare kong Christian av Danmark. Universitetet hadde då berre fire fakultet, som var vanleg på den tida, nemleg: teologisk, juridisk, medisinsk og filosofisk fakultet. Det har kome fleire fakultet til med tida og der i blant er Det Samfundsvidenskablige Fakultet, eller Center for Sundhed og Samfund (CSS), kor eg no studerar antropologi.

Bakgården i Kommunehospitalet

Bakgården i Kommunehospitalet

CSS held til i Kommunehospitalet som er eit gamalt sjukehus like med Søerne i utkanten av Indre By og bruene over til Nørrebro. Då Kommunehospitalet vart bygga kring år 1858-63 låg det rett utanfor sjølve København og tanken var at frisk luft og vakre landskap skulle ha positiv effekt på helsa til pasientane. Botanisk Have ligg òg rett i nærleiken og der står det som før var eit botanisk laboratorium, men som seinare har vorte omgjort til Det Samfundsvidenskablige Fakultetsbibliotek. Her er altso mykje gjenbruk av bygningar som har tjent heilt andre føremål før. Fakultet ligg som sagt midt i mellom Søerne og Botanisk Have som er idylliske omgivnadar samstundes som det er utruleg sentralt. Det tek meg omlag 8-9 minutter å sykle til fakultetet og det er så og seie ei strak linje frå kor eg bur i Nørrebro, det er berre å følgje Tagensvej til eg kjem over Søerne. Her må eg nesten berre innrømme at eg har vore svært heldig med plasseringa av leiligheten eg leigar.

Maleri på veggen inne i Kommunen

Veggmaleri i Kommunen

I midten av Kommunehospitalet finn ein det som vert kalla for Kommunen som er eit fellesareal for alle studentar hjå CSS drive på frivillig basis. Her kan ein  få kjøpt kaffi og generelt slappe av og sosialisere med andre studentar. På fredagar vert det arrangert fredagsbar med forskjellige tema for kvar gong kor ein kan slukke tørsten sin for ein rimeleg penge. Fredagsbaren er svært populær og det kan verte ganske heitt inne i Kommunen og då er det godt å kunne lufte seg i den flotte bakgården til Kommunehospitalet. Her har ein altso ein god mogleik til å vise sitt engasjement gjennom friviljug arbeid. Det verkar ikkje til å vere så alt for mykje arbeid i vekedagane då det ser ut som at dei for det meste berre fyllar opp kaffikannene og sitt der å passar på.

 

Banner inne i Katten

Banner inne i Katten

Om ein går lenger inn på Kommunehospitalets område så kjem ein til Katedralen, kjent som Katten på folkemunne. Det liknar ikkje i det heile tatt på ein katedral, men det heiter no det av ein eller anna grunn. Namnet assosierast kanskje mest med dei diverse katedralskulane heime i Noreg. Uansett, Katten er mykje det same som Kommunen berre at det er reservert for sosiologi- og antropologistudentar. Her er det eit kjøkken som studentar kan nytte seg av. Det vert òg solgt brus og øl, men det er ingen som tek i mot pengar det er forventa at ein skal vere ærleg og betala med Mobile Pay kvar gong ein tek noko frå kjøleskapet. Som de kanskje har lagt merke til så er sosialistisk/kommunistisk estetikk svært populært her på CSS. Om det ligg nok meir i det enn berre estetikken kan ein jo undre seg, men eg har mine tvil. Under Katten ligg det ein sykkelverkstad kor det til mine store overraskelse vert solgt både øl og toast. Slettes ikkje verst.

Veggmaleri i Studenterhuset

Veggmaleri i Studenterhuset

No sitt det sikkert nokon heime i Bergen og tenkjer at både Katten og Kommunen kan minne litt om Det Akademiske Kvarter og det har de forsåvidt rett i. Katten og Kommunen er som litt amputerte versjonar av Kvarteret, men København har sitt heilt eiget studenthus å by på, nemleg: Studenterhuset. Dette er akkurat det same konseptet som Kvarteret i Bergen, Studentersamfundet i Trondheim og Chateau Neuf i Oslo. Alle studentar i København reknast som medlemmar av Studenterhuset og får rabattar på mat og drikke. Ein kan òg verte med å drifte huset som fivillig og då får ein enno fleire rabattar. Her arrangerast det filmkveldar, konsertar, festar, middagar og mykje meir. Studenterhuset ligg så og seie midt i sentrum og er berre ein liten spasertur unna CSS. Eg må ærleg innrømme at eg har allereie tilbragt ein del tid her altso.

Det var det eg hadde å meddele for denne gang. Vonar de hadde like stor glede av å lese som eg har hatt av å skrive. I neste innlegg vil eg gå nærmare inn på studia mine her og korleis det er å vere student her i motsetning til i Noreg. Då er det berre å seie som danskane så eksotisk seier: Vi sees!

Marx passar på at alle gjer si plikt for Katten

Marx passar på at alle gjer si plikt for Katten

To av mine personlege favorittar heng på veggen i Katten

To av mine personlege favorittar heng på veggen i Katten

Inngangspartiet til Kommunen

Inngangspartiet til Kommunen

Marx vil selge deg brus

Marx vil selge deg brus

Inngangen til Katten

Inngangen til Katten

Fredagsbar i Kommunen

Fredagsbar i Kommunen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.